Godkjend verkstad:
Vi er ein godkjend for å utføre EU-kontroll (PKK) på alle person- og varebilar på vegne av Statens Vegvesen, og kan også hjelpe deg med eventuelle reparasjonar etterpå.
Hos oss finn vi sjølvsagt ingen flere feil enn det som skal anmerkast i følge kontrollreglane. Vi meiner derimot at kontrollen gjerast minst like godt av oss som til daglig ser kva som er feil på bilane vi har inne på verkstaden.
EU-kontroll – Periodisk kjøretøykontroll
Hensikta med EU-kontrollen, eller periodisk kjøretøykontroll (PKK) som er den korrekte benemnelsen, er å gi ein tryggare og meir miljøvennleg bilpark.
MECA bilverkstadar er godkjend for å utføre EU-kontroll. Våre mekanikarar har kompetanse og utstyr som tilfredsstiller dei krav som din bilprodusent forventar.
Kor tid skal bilen kontrollerast?
Frå februar 2019 vil siste siffer i registreringsnummeret ikkje lenger bestemme kontrolltidspunktet. No vil kontrollfristen bestemmast av dato for førstegongsregistrering og siste godkjende kontroll, uavhengig av tala i registreringsnummeret ditt.
For dei fleste bileigarar betyr det at dei kan kontrollere bilen når dei vil så lenge den blir godkjend innan to år etter siste godkjente kontroll.
Det er ikkje slik at alle bilar plutseleg får ny frist i februar. Den nye ordningen vil fasast inn etter kvart som kjøretøyene er til kontroll. Den fristen du har gjeld til det gjennomførast ein ny kontroll.
Kontrollintervallane forblir dei same som i dag, det vil sei at personbilar stort sett skal inn første gong etter fire år og deretter annankvart år, medan kjøretøy over 7 500 kg skal inn kvart år.
Finne fristen for din bil?
Bruk boksen til høgre på side og skriv inn bilens registeringsnummer!
Kven utfører EU-Kontroll?
Kontrollen får du gjennomført hos kontrollorgan som er godkjend av Statens vegvesen.
MECA bilverkstadar er godkjend for å utføre EU-kontroll.
Frå 2021 blir det også krav om kontroll av traktorer med hastigheit over 40 km/t.
Desse traktorane skal inn første gong etter fire år og deretter annankvart år, og reglane gjeld traktorar som hovedsakleg brukast til transport eller arbeid på offentlig veg. Har du traktor som berre nyttast på offentlig veg i eigentransport i primærnæring, kan du få unntak frå kravet om kontroll.
Godkjent før fristen:
Huks at bilen må vere godkjend innan fristens utløp, ikkje berre kontrollert!
Bilen kan også kontrollerast 4 månadar før kontrollmånaden, dvs. at du har 5 månadar på deg totalt til å få den kontrollert og godkjent.
EU-KONTROLL